
20. juni opner sideriet dørene til baren og inviterer til konsert med Ingvild Flottorp!
Det blir ein intim og unik oppleving på Børte. Begrensa antall plassar!
Billettene kostar 200 kr for vaksne og 150 for studentar og går direkte til artisten.
Ingvild Flottorp frå Åmli dukka i 2021 opp – nærast ut av det blå – med debutalbumet "It All Seems So Clear", og tok nordicana-scena med storm. Med ungt pågangsmot, fengande låter og ei unik stemme, skilde ho seg umiddelbart ut i mengda. Allereie eit år etter kom oppfølgaren «I Just Wanna Know It All» som vart nominert til spellemannprisen.
I mai 2024 kom hennar tredje album «In This For a Lifetime» - eit samarbeid med gitarist Øyvind Blomstrøm som vart omtala som «supergruppe» i dagsavisen, medan Morgenbladet meinte at albumet var eit friskt vindpust av nordisk kulhet.
Hausten 2025 ga Ingvild ut ein Ep som ein smakebit på eit nytt kapittel i hennar kunstnarskap som «Gaffa» meinte var nok til å gjere henne til ein bauta i det akustiske landskapet.
Med Ingvild er det ofte stemma og låtskrivarteften som bli trekt fram.
«Flottorp synger som en mild vårbris» (iTromsø)
«Flottorp er ein av desse artistane som kan synge om det å vere tørst på livet og på same tidig uttrykk for ein klokskap som levt liv fører med seg, utan at det vert rart.» (Dag og tid)
Hausten 2026 kjem Ingvild Flottorp sitt 3. soloalbum, «Makers»